Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Arnfinn Kolerud
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Arnfinn Kolerud

(f. 1968), frå Isfjorden i Romsdal


Arnfinn Kolerud
Foto: Kjellrun Breidalen
Nokre gutar køyrer rundt med dyre bilar for å vise seg. Det er nok meininga at vi skal sjå etter dei og tenke: "Det var noko til bil! Og sikkert noko til kar!" Andre viser seg ved å vrikke på rumpa. Eller ved å ha store musklar under trange skjorter. Eller dei svarer på meir enn kva læraren spør om. Eller dei driblar den stakkars venstrebacken tre gonger. Eg kan ikkje vise meg slik.
 
Straks eg går ut døra og blir synleg for andre, viser eg meg. Da har eg brukt lang nok tid foran spegelen til at ingen skal le av meg. Men ikkje så lang tid at nokon vil plystre etter meg.
 
Eg vil ikkje skilje meg ut. Men eg vil heller ikkje gjere som andre.
 
Som liten nekta eg å putte fotballdrakta ned i shortsen. Seinare var eg hotellresepsjonist med vest og kvitskjorte, men absolutt ikkje med slips. Som assistent i tollvesenet fekk eg ei mørk blå uniform, men ikkje sko. Så eg skrubba gummistøvlane mine reine med stålull og gjekk ombord i utanlandske båtar for å telle flasker. (Tipp kor mange smuglarar som har respekt for eit tollvesen i kvite, stålullskrubba gummistøvlar). Eg kan altså gå i uniform, men vil helst ikkje kjenne meg uniformert.
 
Eg håper dette skuldast noko anna enn ein evig trassalder. Når resten av publikum tar bølgen, er eg sta nok til å vere den einaste som sit, i alle fall om det ikkje er nokon grunn til å bølgje. Men eg er for pysete til å bølgje aleine.
 
I kinomørkret kan eg, på mitt modigaste, mumle spydige kommentarar til dei som ler på feil plass. Eg kan også skratte aleine i det same mørkret. Men eg er svært redd for å prompe.
 
Eg skulle gjerne skjelt ut nitten år gamle idiotar som råkøyrer. Men dei køyrer så fort bort at eg enno ikkje har fått gjort det.
 
Eg gjer ikkje alt dette for å vise meg.
Eg viser meg.
Og du?



Bøker av Arnfinn Kolerud:
Zoomarferien (2007)
Den som ikkje har gøymt seg no (2004)
Langt frå bambus (1999)
Berre ikkje brøyteplogen kjem (1996)



LES MEIR:

Les meir om forfattaren på sidene til Samlaget.

Les ei bokmelding av Den som ikkje har gøymt seg no på nettsidene til
Barnebokkritikk eller Dag og tid.

Les meir om Arnfinn Kolerud på Wikipedia.

Høyr eit intervju med forfattaren på NRK Sogn og Fjordane.




Neste forfattar >
« Attende