Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Olaug Nilssen
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Olaug Nilssen


Olaug Nilssen



Eg heiter Olaug, og likar å skrive om meg sjølv i ho-form slik at lesaren trur det er nokon andre som har skrive det. Her er nokre fakta om Olaug Nilssen:

Olaug Nilssen vart fødd i Florø fjerde juledag 1977. Ho vaks opp i Solheimsdalen i Førde kommune, og var russ i 1996. Dei som var russ det året, syntes det var svært tøft å skrive ”Russ 96%” på russekorta sine, men truleg var dei fleste ikkje så interesserte i 96%-sprit som dei utga seg for. Dette gjaldt i alle fall den litt sjenerte og engstelege Olaug. Etter russetida flytta Olaug til Bergen for å studere, og det var der ho budde då ho debuterte skjønnlitterært med romanen Innestengt i Udyr i 1998. Sidan har ho skrive ei samling tilstandsrapportar med tittelen Vi har så korte armar. Denne kom ut i 2002, og i 2004 kom barneboka Ronnys Rumpe. Det store gjennombrotet kom i 2005, med romanen Få meg på for faen. Boka fikk strålande kritikk! Nilssen har elles utmerka seg som litteraturkritikar i avisene Klassekampen og Morgenbladet, i tidsskrifta Vinduet og Vagant (her var ho også medredaktør i ein periode på omlag eitt år), som artikkel- og essayskribent i Syn og Segn, Vinduet og Vagant, som bidragsytar til Dag og Tid og Bergens Tidende, som innbitt nynorskforkjempar og som sutrande fordi ho vart avvist av forfatterforeininga. Frå og med våren 2005, er ho redaktør i det litterære tidsskriftet Kraftsentrum saman med Gunnhild Øyehaug. Ellers skal det nemnast at ho trur ho begynte å skrive fordi ho ikkje er så flink til å uttrykke seg munnleg.


LES MEIR:

Les meir om forfattaren på sidene til Samlaget.

Les om Få meg på for faenSamlaget sine sider

Les intervju og artiklar om Olaug Nilssen på Dagbladets forfattersider.

Les meir om forfattaren på Wikipedia.





Neste forfattar >
« Attende