Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Margreth Olin
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Margreth Olin



Eit temprament. Det er vel det eit menneske er. Nesten som eit filter som verda og opplevelser filtreres gjennom. Eit finmaska nett, som er ulikt for kvar og ein av oss. Eg trur ikkje eg har endra meg så mykje sidan eg var seksten år, eg har lest meir, sett meir, flytta heimanfrå, hatt ein del kjærestar, fått to jenter og laga nokre filmar. Eg har den samme hesten enno. Eg likar dei same fargane. Eg græt like lett på kino. Eg kjenner meg ofte liten, at eg treng beskyttelse, ein klem eller eit kjærteikn. Eg mister bakkekontakten når eg er forelska. Eg dansar på bordet når eg drikk. Eg er like engasjert, trur at kvar og ein av oss kan utgjere ein forskjell. Vi er med på å skape den verda vi lever i. Ingen burde dø av sult. Det burde vore forbudt å produsere varer som våpen og miner. Berre varer som er bærekraftige, som er produsert på en slik måte at mennesker, dyr eller jorda vår ikkje blir utbytta bør kunne ha livets rett. Vi har ansvar for kvarandre. Slik har eg alltid tenkt. Eg ler mykje. Knisealderen var heilt forferdeleg, eg lo av alt og alle. Folk blei opprørte, kasta meg på dør. Men eg har aldri slutta å le. Eg ler når noko er vakkert, når noko er sant, når noko er fint eller gale. Eg kan le av det som er vondt også. Eg trur eg ler når eg ser noko klart. Når eg er på filmopptak og byrjar å le, då veit eg at eg har noko som er veldig bra. Livet er vakkert i all sin brutalitet. Eg har alltid utsett meg for erfaringar fordi eg har tenkt at eg skal bruke det eg opplever når eg skriv og lagar film. Eg trur på det å utforske sitt eige rom. At eg må kjenne meg sjølv for å forstå andre. Kjærleik har eg alltid befatta meg med, hudlaust. Det å elske eit anna menneske, ein som står meg nær eller ein framand, det å elske eit dyr, eller berre det å leve. Å elske det å leve. Det å sjå. Det er Margreth, trur eg. Min lidenskap og min forbannelse. Å elske gir meg mot.



LES MEIR:

Les meir om forfattaren på sidene til forlaget Oktober.

Sjå kva Margreth svarar på leserane sine spørsmål i Tett på nett i VG.

Du finn ein kommentar om forfattaren i Dagsavisen.

Les meir om Margreth Olin på Wikipedia.

Ta ein titt på nettsida til Nestekjærlighet, hvor Margreth Olin er initiativtager.




Neste forfattar >

« Attende