Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Erna Osland
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Erna Osland

Erna Osland


Forfattarbesøk

Eg bankar på di dør.
Eg ventar.
Døra går opp.
Ein lærar ber meg komme inn.
– Her har vi henne som vi ventar på, seier læraren til klassen sin, – ein lys levande forfattar.
Lys levande, er eg det? Tjueseks framande fjes ser på meg. Eg ser på dei. Vi ser og tenkjer på korleis den andre er, kva som gjer den andre levande.
Eg får svare for meg sjølv:
At eg pustar, det er sjølvsagt, det er ikkje til å nemne.
At eg et, det er også sjølvsagt. Men eg et ofte og mykje, meir enn kjærasten min, enda han er mykje tyngre enn meg. Når eg et fisk, kan eg mest ikkje stoppe. Det gjeld grilla fisk og kokt fisk. Røykt fisk og steikt fisk. Torsk og sei. Sild og makrell. Breiflabb og steinbit. Flyndrer og krabber, krabber fiskar eg både i garn og teiner. Hjarteskjel grev eg ut av sanden med ein gammal gaffel. Blåskjel plukkar eg på fjøre sjø når dei ikkje er giftige, eg hører på radio og sjekkar avisene. Med grønsaker er det lettare. Dei er aldri giftige. Dei er sunne. Kokte og rå. Men eg steikjer dei oftast, i olje og urter. Agurk og tomat, er dei grønsaker? Frukt er det jo ikkje, som eple og pære. Og plommer er godt! Dei små grøne. Reine Claude, seier kjærasten min at dei heiter. Han ler når han gir meg dei. Eg trur nemleg at han har funne opp det namnet, og at dei er sure. For dei ser sure ut, heilt grøne, som stikkelsbær. Solbær er min favoritt. Eg et stilken også, syltar han. Og rips, om det blir att nokon til meg når trasten har forsynt seg og ungane sine. Eg har små glas med rips som eg strør over kjøttgrytene. Hjort. Eller lam, som er godt med kvitlauk eller rosmarin. Lyst kjøtt et eg med sopp, steinsopp plukka inni Modalen, Olav Nygard sin dal. Og når kvelden reiser seg i vesterbrun, han trør på lette føter gjennom tun, sit eg med brødskiva mi, heilt stille og les om fuglar i andre skogar enn min. Kva syng dei om til dei som bur der? Heilt frå eg var lita har eg likt fuglar og å finne ut av ting. Eg fann fort ut at eg likte å vere barn. Å lese. Og skrive. Eg liker det betre og betre, det er i kanskje dét som mest av alt held meg levande?
Eg ser utover klassen.
Eg vil fortelje nett det, at eg liker å lese og skrive. Det er dét som lyser for meg, det er derfor eg er her.


LES MEIR:

Les meir om forfattaren på sidene til Samlaget.

heimesida til Erna Osland kan du lese fleire tekstar ho har skrive.

Hos Nynorsk kultursentrum kan du høyre eit utdrag av Erna Oslands roman "Ligge på vinden" (2000).




Neste forfattar >
« Attende