Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Rune Belsvik
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Rune Belsvik



Rune Belsvik

Er det muleg å skriva noko som er heilt sant?

Eg trur ikkje det.  Eg ville glømma ein detalj, eller bruka for mange ord på noko som eigentleg var lite.  Eg ville hoppa over noko eg ikkje likte, eller noko eg syntes var for dumt til å ta med.
Det forskrekkar meg å tenka, at det kanskje ikkje finst noko som er sant i det heile tatt.
For kva betyr det at noko er sant?  Det som  var sant for femti år sidan, er det sant i dag?
Av og til, då eg var liten, trudde eg at alt i verda var nøye sortert.  Eg trudde alt hadde eit namn, og eg trudde at dei vaksne såg alt og visste alt, og aldri gjorde feil.
Men så forsto eg at dette ikkje stemte.  Eg forsto at eg måtte sjå og høra og smaka og kjenna verda sjølv.  Eg måtte leva livet mitt aleine i lag med dei andre.
Dette er av og til den aller skumlaste tanken i
hovudet mitt:  Eg finst.
Det gjer at eg ofte tenker om att og om att på slikt som har skjedd. 
Skjedde det verkeleg?  tenker eg.
Kan eg våga å tru mine eigne augo?
Når eg skriv, prøver eg å nærma meg alt dette.  Eg prøver å vera nær mine eigne kjensler, mine eigne minne, tankar og fantasiar.
Eg har funne ut at det er den beste måten for meg å vera i verda på:  Å prøva å vera nær mi eiga undring.


LES MEIR:

Meir om Rune Belsvik på NRK sine forfattarsider.

Les eit intervju og meir om Rune Belsvik i Dagbladet.

Sjå Rune Belsvik i Radio Røynda på NRK.

Les om forfattaren på Wikipedia.




Neste forfattar >
« Attende