Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Ragnar Hovland
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Ragnar Hovland



Ragnar Hovland
Foto: Herborg Pedersen
Eg blei fødd i Bergen i 1952, rett etter OL i Oslo. I Bergen lærte eg å gå på ski, noko som kom vel med då vi flytta ut på bygda og eg måtte hevde meg. Lenge lurte eg på kva far min eigentleg dreiv med, og eg er vel ikkje heilt sikker enno. I mange år hadde eg planar om å bli idrettsstjerne, men då eg passerte 30 utan å ha blitt det, begynte eg å lure på om eg skulle satse på noko anna.

Eg fekk meg ei god utdanning, folkeskule, realskule, gymnas og universitetsstudiar. Ei stund spelte eg klarinett i skulemusikken, men slutta mens leiken var god. Frå eg var fem til eg var fjorten las eg ganske mykje bøker. Så kom to år då eg las lite bøker, for å prøve ut korleis det var. Frå eg var seksten las eg igjen ganske mykje bøker. Første boka mi skreiv eg då eg var nitten år. Eg trudde Gyldendal Norsk Forlag ville gi den ut, men slik gjekk det ikkje. Først åtte år etter kom den første boka mi ut. Då hadde eg i mellomtida sendt ca. 150 manus til alle norske forlag. Så gjekk det lettare. Det er ofte
slik. No har eg skrive rundt 40 bøker av alle slag, for barn, ungdom og vaksne. Folk spør meg stundom om eg ikkje blir lei, og det blir eg jo, men kva skal eg gjere då? Eg kan snakke opptil fleire språk (norsk, tysk, engelsk og fransk) og det har vore til stor nytte for meg. Så ofte eg kan reiser eg ut av landet og prøver å vere borte så lenge som muleg. Eg har også spelt orgel og munnspel og sunge i det ein gong svært berømte bandet Dei Nye Kapellanane. No bur eg i Oslo. Det er også meir, men det står i bøkene mine.


LES MEIR:

Finn ut meir om Ragnar Hovland på hans forfattarside og samleside hos NRK.

Sjå sida hans hos Samlaget.

Les intervju med meir på forfattarsidene til Dagbladet.

Les om forfattaren på Wikipedia.





Neste forfattar >
« Attende