Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Einar Økland
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Einar Økland



Einar Økland
Foto: Terje Rudi
Då eg gjekk på skulen, lika eg ikkje å skrive. Eg skreiv så stygt, og det gjekk så seint, og det var ikkje moro å skrive slikt eg blei beden om.
Som oftast skreiv eg på ein annan måte enn eg visste dei venta og ønskte. Eg hadde nok ein trong til å protestere og overraske. Men å lese lika eg. Det har blitt mykje lesing fram til i dag. Eg trur det er alt eg har lese som har fått meg til å tenkje meg inn i nye situasjonar, slik at eg er førebudd på det meste. Eg byrja å skrive bøker då eg var sytten år. Men eg har aldri kunna skrive slik eg kan rekne eller sykle.

Difor er eg litt kry over likevel å ha fått til så mange bøker som eg har gjort. Når nokon spurde Aksel Sandemose korleis det hadde seg at han som var dansk, skreiv så bra norsk, svara han at dét var fordi han aldri hadde trudd om seg sjølv at han kunne det! Eg har det nesten på same vis, eg må finne ut av korleis eg skal skrive kvar gong eg byrjar.

Det hender eg gruar meg. Då hugsar eg kva forfattaren Helge Krog sa om seg sjølv ein gong: Fordi eg er så redd for å skrive noko dårleg, skriv eg ikkje noko godt heller! Då får eg mot. Det må ein skaffe seg.


LES MEIR:

Les om Einar Økland på nettsidene til Samlaget og Dagbladet.

I "Stemmer fra litteraturen" på NRK sine nettsider kan du høyre gamle radioklipp kor forfattaren snakkar om barnebøker og å dikte.

Finn ut meir på Wikipedia.

Les bokmeldinga av "Den blanke bjølla" (2005).




< Første forfattar
« Attende