Neon er erstattet av det nye læreverket Saga
Du er her: Hovudsida  >  Ressurser  >  Forfatterportrett  >  Frode Grytten
  Trykk på studiebøkene midt på sida for å finne oppgaver til hvert kapittel i bøkene. I boksene under finner du ekstra materiale til elever og lærer.  
  Ressurser
 
Til læreren
 
 

Frode Grytten



Frode Grytten
Foto: Helge Skodvin
Det første bildet eg har av meg sjølv: Sitjande på kanten av eit berg på Tokheim i Odda. Det er i skumringa ein vinterdag. Eg kan vere tre eller fire år. Eg stirer ned på fjorden og zinkfabrikk-
en med lysa, hallane, rørgatene og pipene som pumpar ut damp. Eg ser båtar som ligg ved kai for å laste og losse.

Eg hugsar at eg var sint og bare ville vere åleine. Eg hugsar ikkje lenger kvifor. Dei vaksne fann meg litt seinare. Dei stod i skog-kanten og ropte at eg skulle komme inn på trygg grunn. Eg svarte ikkje. Dei turte ikkje komme ut til meg fordi berget var for isete og dei var for store i kroppane. Bare ungar kunne komme seg ut der eg sat. Den vinterkvelden var dei sjølvsagt redde for at eg skulle gli utfor og skade meg. Men eg visste at eg skulle klare meg. Eg var sterk nok til å vere åleine.

Å skrive er på eit vis å sitje ute på det isete berget. Eg er åleine når eg skriver. Eg er ofte irritert og aggressiv når eg skriver, utan at eg veit heilt kvifor. Eg er stolt og suveren, redd og liten, open og lukka på same tid. Mest av alt er det denne kjensla av at du ønsker at nokon skal finne deg. At du vil at dei skal sjå deg ute på det isete berget. At dei skal rope at det er greitt, det er i orden, du kan komme inn igjen no, du kan komme heim.

Og du vil bare sitje der litt til, vere forbanna litt til, så skal du reise deg, motviljug, trassig, men snart skal du reise deg og gå over det isete berget, trippe over mens alt står på spel, før du vil bli omfamna av dei som elskar deg og du kan gå inn i lyset, der du skal få noko varmt å drikke og eit ullpledd over skuldrene.


LES MEIR:

Les meir om forfattaren på sidene til Samlaget.

Les meldingar og intervju med Frode Grytten på Dagbladets forfattersider.

Sjå og høyr Frode Grytten snakke om novellesjangeren på Bokprogrammet på NRK.

Les meir om Frode Grytten på Wikipedia.




Neste forfattar >
« Attende